Riksvegen vestover
«Riksvegen vestover» er ein av Kjartan Fløgstads desidert beste noveller. Han handlar om ein Taxisjåfør som kjem over eit noko merkeleg oppdrag. Han blir oppringt av resepsjonen på Viking og blir bede om å kome snarast. I det han ankommer hotellet blir han bede om å parkere bilen, for å snakke med kunden andsynes langturen. Taxisjåføren blir tilbode femhundre kroner ekstra viss han når endelege destinasjonen før klokka halv elleve.Bilturen blir plutseleg særs interessant i det kunden avgjer seg for å kjøpe to kassar med øl. Novellen skildrar utviklinga gjennom bilturen, der kunden blir meir og meir rusa. Etter kvart er kunden såpass full at han byrjar å snakke masse tull, og synge høglydt på kjende norske songar.
Dei tek mange pausar på vegen, og dei er blant anna innom ein liten kafe. Under bilturen byrjar kunden å snakke om ei kvinne med namn Anita. Vi skjønner etter kvart at det er henne han er på veg til.
Taxisjåføren tenkjer stadig på avtala om dei ekstra femhundre kronene, han byrjar òg å mistenkja at kunden prøver å sabotere dette med alle sine tissepauser. Til slutt klarar han å nå frami tide, sidan kunden sovna i baksetet. I den vesle byen dei til slutt ankommer, møte dei endeleg Anita. Novellen går mot slutten, og dei får begge overnatte på eit lite hotell i den vesle byen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar